| has gloss | nno: Ein øydegard er eit gardsbruk som har vorte forlate. Særleg vert omgrepet nytta om gardane som vart lagd øyde etter svartedauden i 1349–1350, men òg om andre gardar som har vorte overgjeve. I fleire tilfelle har ordet vorte ein del av gardsnamnet, anten ved at «-ødegården» eller «øde» er lagt til. Somme gardar har til og med namnet Ødegård(en). I følgje Oluf Rygh sin Norske Gaardnavne finst det 171 gardar med namnet Ødegaarden eller liknande namn, medan over tusen gardar har øde som ein del av namnet. |